Innlegg merket med stikkordet ‘kvinne’

Vi är många, vi är hälften!

I fasten kjempar eg, med med sjøl, med fellesskapet og Gud
Ein kamp for meg er å opne opp den norske kyrkja slik at ho heilt sjølsagt er 50/50 kvinner og menn.
Eg har vore inne i ei forteljing i Det nye testamentet siste veka om ei kvinne som blir  avvist av Jesus. Matteus fortel om henne i kapittel 15 og ho blei lese i kyrkjerom  no søndag 8.mars. Eg har visst om henne sidan studietida og likt staheita hennar. Ho insisterer og argumenterer og til slutt får ho Jesus på si side og hugsar eg rett er det berre ho og ein til, som får karakterisert trua si som megale - megastor.  Men så blei det sånn at når eg no møtte ho igjen, så kom det fram eit ubehag. Vi sat i kroa og las og vi blei nedstemte. Eg fekk noko av ubehaget stadfesta av ei teolog som heiter Musa Dube. Ho peikar på  korleis denne kvinna må underkaste seg, ja bøye seg ned, skrape og bukke, før  Jesus gir seg. Er det sånn vi vil ha det? Det er eit tidsrom mellom meg i Oslo og forteljinga i Det nye testamentet. Mange av oss treng ikkje skrape og bukke lenger, vi et med stor sjølfølge ein stor bit av brødet.  Eller?
Eg legg merke til disiplane. Dei vi ha kvinna ha bort, ja, dei er skikkelig nedlatande:” Bli ferdig med henne, ho ropar etter oss. ” Jesus er heilt enig med dei, men han snakkar i det minste med henne. Displane høyrer vi ikkje meir til. Ikkje i den forteljinga, i alle fall. Men om ikkje nokre av dei har halde fram oppover i historia? Har eg høyrt dei i den kyrkja eg er ein del av?   “Bli ferdig med henne, …”
Fastetid er kamptid!