Innlegg merket med stikkordet ‘gudsbilde’

Der ventar Gud med livspust

Eg slit med det der at vi skal knusast. Ja, bli til støv. ”Hugs at du  berre er støv.” Slike ord frå dei klassiske oskeonsdagsliturgiane sit fast i halsen på meg. Eg trur det er fordi eg veit om mange mange erfaringar, både frå eige og andres liv. Mange eg har snakka med har erfaringar frå forkynning og frå oppvekst som har ført til dårleg sjølvbilde og ei kjensle av at ein er lite verd. Ein har blitt trykka ned, gjort ein liten. Det sirkulerer ulike gudsbilder og ulike menneskesyn innafor dei kyrkjelege miljøa. Seinast i går deltok eg i ei bøn med prestekollegaer der vi skulle be: ”Jeg trenger å be om tilgivelse for å blir ren og skikket for Gud.”

Eg trur ikkje på ei sånn Gud.
Mitt gudsbilde spring ut av eit syn på skapningen og på oss sjølve som gode på botn. Hos teologar som Ireneus, Grundtvig og Wingren finn eg næring til dette:  Menneske er født godt! Skapte i kjærleik til kjærleik. Kjærleiken er ikkje noko som blir borte, trass all den vondskapen og det vonde som fins.
Eg kviler i kjærleiken. Og kjærleiken er Gud. Eg treng ikkje å be om ”tilgivelse for å bli ren og skikket for Gud!” Gud er der. Eg treng å be om tilgjeving fordi eg skadar nesten min, skaparverket og meg sjølv.

Eg vil tenkje om oskeonsdag og faste, at det ikkje handlar om å knuse meg. Eg trur det snarare dreier seg om å over-gi seg til kjærleiken, så eg uredd kan bære kjærleiken med meg ut i verda. Ikkje som tvang, men som kall til handling.

Oska – det livlause – det håplause – den håplause staden som er Jesu Kristi stad. Der ventar Gud med livspust. Ut av aska: Gjenfødt.