Innlegg merket med stikkordet ‘aske’

Der ventar Gud med livspust

Eg slit med det der at vi skal knusast. Ja, bli til støv. ”Hugs at du  berre er støv.” Slike ord frå dei klassiske oskeonsdagsliturgiane sit fast i halsen på meg. Eg trur det er fordi eg veit om mange mange erfaringar, både frå eige og andres liv. Mange eg har snakka med har erfaringar frå forkynning og frå oppvekst som har ført til dårleg sjølvbilde og ei kjensle av at ein er lite verd. Ein har blitt trykka ned, gjort ein liten. Det sirkulerer ulike gudsbilder og ulike menneskesyn innafor dei kyrkjelege miljøa. Seinast i går deltok eg i ei bøn med prestekollegaer der vi skulle be: ”Jeg trenger å be om tilgivelse for å blir ren og skikket for Gud.”

Eg trur ikkje på ei sånn Gud.
Mitt gudsbilde spring ut av eit syn på skapningen og på oss sjølve som gode på botn. Hos teologar som Ireneus, Grundtvig og Wingren finn eg næring til dette:  Menneske er født godt! Skapte i kjærleik til kjærleik. Kjærleiken er ikkje noko som blir borte, trass all den vondskapen og det vonde som fins.
Eg kviler i kjærleiken. Og kjærleiken er Gud. Eg treng ikkje å be om ”tilgivelse for å bli ren og skikket for Gud!” Gud er der. Eg treng å be om tilgjeving fordi eg skadar nesten min, skaparverket og meg sjølv.

Eg vil tenkje om oskeonsdag og faste, at det ikkje handlar om å knuse meg. Eg trur det snarare dreier seg om å over-gi seg til kjærleiken, så eg uredd kan bære kjærleiken med meg ut i verda. Ikkje som tvang, men som kall til handling.

Oska – det livlause – det håplause – den håplause staden som er Jesu Kristi stad. Der ventar Gud med livspust. Ut av aska: Gjenfødt.

Då er vi der igjen, ved oska

Då er vi der igjen, ved oska:
Vi begynner der, med oska,
hos det som er igjen, når alt er borte.

Frå to skåler med oske rørt ut med litt olje, innvigde eg meg til fastetida.
I Tøyenkirka på oskeonsdag brukte vi oske så og seie frå våre eigne liv: Vi skreiv ned noko vi ville bryte opp frå,  noko som plaga oss, noko vi ville avstå frå. Lappane vart samla inn og blir brente til oske.
Under nattverden fekk vi teikna kross på panna eller på handa. Noko var  oppbrent, lagt bak oss. Og så byrja vi der, i oska hos det som er igjen når alt er borte.

Neste år har eg lyst å bestille eit helikopter. Slik kyrkjelyden i Heliga Trefaldighetskyrka den svenske byen Gävle, gjorde for nokre år sidan. Alle som ville fekk skrive på lappar kva som tyngde dei og dei la det ned i ein stor behaldar utafor kyrkja. På oskeonsdagen blei alt samla i hop og brent opp og så blei oska tømt ut over kyrkja frå eit helikopter. Oska regna over kyrkja i Gävle!
Gävles innbyggarar fekk skrive ned si vreide og det som plaga dei. To handlingar følgde: Den store handlinga vart dei mange vitne til som såg flyet sirkla over kyrkja i ei gradvis tettare sky av røyk og oske. Den vesle handlinga skjedde inne i kyrkjerommet : Der fekk kyrkjelyden ta oska og strø i håret eller teikn som ein kross i panna.